Rekordstort oppmøte på fagbrevutdeling
Delte ut nesten 50 elektrofag-fagbrev på ein time.
Delte ut nesten 50 elektrofag-fagbrev på ein time.
48 fagarbeidarar var møtt opp for å ta imot fagbrev i dei fire elektrofaga automatikerfaget, dataelektronikarfaget, energimontørfaget og elektrikarfaget framfor hundre tilskodarar i salen.
Dette er fjerde året Fagopplæring elektro arrangerer utdeling saman med NHO Elektro Sogn og Fjordane, etter at Vestland fylkes slutta med felles utdeling etter Covid.
– Vi er veldig fornøgde med korleis vi arrangerer og gjennomfører sjølv, så det kjem vi til å fortsette med, seier Bjarte Heggheim og Lisa Marie Mo i Fagopplæring elektro, som begge er tydeleg stolte over oppmøte.
For sjølv om ikkje alle som hadde tatt fagbrev i år var påmeldt, var det eit rekordstort oppmøte på Skei denne torsdagen.
Ansvarleg for å dele ut fagbreva var leier i hovudutval for opplæring av kompetanse i Vestland, Åsmund Berthelsen, som i løpet av kvelden delt ut nær 50 fagbrev.
Berthelsen har eit sentralt ansvar for opplæring i fylket, og har klare tankar om viktigheita av auka oppslutning kring yrkeslinjene.
– Kvifor er det så viktig at fleire skal gå på yrkesfaglege linjer?
– Næringslivet og arbeidslivet treng krafta og fagarbeidarane like mykje som andre, og derfor er det bra, seier han, som legg vekt på at det er viktige å ha slike tilstellingar som på Skei slik at ein viser at ein set pris på fagarbeidarane, og gir yrkesfag meir status.
Med 42 vidaregåande skular i fylket i eit stort geografisk område kan det vere krevjande å halde breidda i yrkesfagleg tilbod, spesielt i utkantane grunna færre elevar, men Berthelsen er fornøgd med at fylket har verna om skulane sine i denne perioden.
Ein trend er at yrkesfag har fått større tilslutning, men studieførebuande har framleis ei sterk rolle i fylket.
– Dei med gode karakterar blir ofte tilrådde å gå studie, seier Berthelsen.
Han påpeiker at det er og viktig å ta val utifrå interessene, og gir eit råd til den som vil bli fagarbeidar:
– Ein må vite kva du går til, og så må ein prøve og fullføre. Omtrent 20 prosent fullfører ikkje. Sjølv om dei kan gå vidare å gjere andre ting, så er det er litt for mange som gir seg, og vert ståande heilt på sidelinja.
– Yrkesfag kan og være fint for deg som er litt lei teorien som studie kjem med, avsluttar han.
Ut av alle som var møtt opp til å ta imot fagbrev, var berre to jenter. Tuva Oppedal, var ein av dei som fekk fagbrev i elektrofag.
– Ein må må tørre og satse, og ikkje være redd for at det fleire gutta enn jente, seier ho
For mange kan det vere naturleg å tenkje at enkelte fag passer for jenter, og andre for gutar, men Oppedal meiner at det må vere opp til den enkelte.
– Du må tørre og gjere ting sjølv, seier ho.
Det ser ikkje ut til at det vert færre jenter som vel denne retninga, men det er rom for fleire.
Sjølv om utdelinga var høgdepunktet, var det god stemning gjennom kvelden. Og etter ein betre middag var det quiz og andre aktivtetar for dei nye eigarane av elektrofagbrev.
I følgje Bjarte Heggheim og Lisa Marie Mo på fagopplæringa var det gode tilbakemeldingar frå mottakarane og foreldre – som begge takka for ei fin utdeling.
– Det er svært gledeleg å gjere stas på ungdommane som vi har følgt frå dei begynte i lære som 17-18 åringar, avsluttar dei to.
DELTE UT: Leier i hovudutval for opplæring av kompetanse i Vestland, Åsmund Berthelsen delte ut fagbrev til elektrofag framfor ein fullsett sal på Skei torsdag 19. juni.
GOD STEMING. Det var god stemning i salen då fagbreva vart delt ut.
EIN AV FÅ: Tuva Oppedal var ei av jentene som mottak fagbrev i elektrikarfaget. Ho meiner fleire jenter må ta sine eigne val med tanke på utdanning. Her er ho saman med dei andre fagbrevmottakarane, og bedriftsrepresentant, frå Eid Elektro.
https://www.fagopplaeringelektro.no/kontakt/