• Facebook
  • Instagram
  • TikTok
Fagopplæring Elektro
  • NHO Elektro
  • Fagopplæring Elektro
    • Aktuelt
    • Elektroskulen
    • Våre kurs
    • Årshjul
  • For lærling
    • Jenter i Elektro
  • For elev
  • For bedrifter
  • Våre medlemsbedrifter
  • Kontakt
  • Søk
  • Menu Menu
  • For bedrifter

    Fagopplæring Elektro
    NHO Elektro Sogn og Fjordane

    www.ofelsf.no

Informasjon til bedrift

Medlemsbedrift

Logg Inn

Kvifor ha lærling?

Det er svært mange grunnar for å søke om å bli godkjend lærebedrift og tilby læreplassar.
Her er fem av dei :

  1. Dykk viser at bedrifta tar samfunnsansvar.
    Ei lærebedrift gir ungdom og vaksne moglegheit til å fullføre ei fagutdanning, og tar dermed vare på ei svært viktig samfunnsoppgåve. Alle som jobbar i ei lærebedrift kan vere stolt av det. For å gi lærebedriftene ei moglegheit til å synleggjere at dei tar samfunnsansvar, er det etablert ei merkeordning for godkjende lærebedrifter som har minst ein lærling i staben. Det er og gjennomført kampanjar for å få forbrukarane til å velje lærebedrifter når dei skal handle noko. Som godkjend lærebedrift med minst ei aktiv lærekontrakt får de anledning til å bruke merket i marknadsføringa av bedrifta, og det blir enklare for forbrukarane å finne fram til bedrifta.
  2. Bedrifta får ny kompetanse
    Når de tilbyr læreplass til ungdommar, får de «digitale innfødte» inn i bedrifta. Den digitale kompetansen ungdommane sit med er i dag etterspurd i dei aller fleste bedrifter. Mange voksne tilsette i lærebedrifter seier òg at dei set pris på energien og entusiasmen som ungdommane har med seg.
  3. Ansatte i bedrifta får moglegheit til å prøve seg i ei ny rolle
    Lærlingar har krav på oppfølging frå ein fagleg leiar, samt ein eller fleire instruktørar i læretida. Å vere fagleg leiar eller instruktør er ei viktig oppgåve. Ved å lære opp andre, utviklar ein òg sin eigen kompetanse. Desse rollene kan vere attraktive for fagarbeidera som ynskjer seg nye utfordringar og nye oppgåver. Ein slik moglegheit kan vere motiverande.
  4. Dokke tar i bruk landets beste rekrutteringsordning
    Godkjende lærebedrifter avgjer sjølv kven dei skal ta inn som lærlingar. Læretida går normalt over 2år, og på den tida blir ein godt kjend med lærlingen ein har valgt. De har inga plikt til å ansette lærlingen etter denne tida. Mange lærebedrifter velger å tilby lærlingen jobb fordi dei då kan rekruttere ein medarbeidar som er godt kjend med virksomheita, og som har vist si dyktigheit gjennom læretida.
  5.  Det er økonomisk gunstig
    Læretida er etter «hovudmodellen» to år i bedrift, der det eine året definerast som eit opplæringsår og det andre som eit verdiskapingsår. I verdiskapingstida skal lærlingen delta i bedrifta på lik linje med andre arbeidstakara og dermed bidra til verdiskaping. I praksis betyr dette at i starten får lærlingen meir opplæring og trening enn mot slutten. Verdiskapingsdelen trappast gradvis opp, og på slutten av læretida deltar lærlingen betrakteleg i produksjonen.

    Løna til lærlingen varierar frå fag til fag. Utgangspunktet er at lærlingen som følger hovudmodellen skal tene ei årslønn til saman i løpet av læretida på to år. Løna er lågare i starten av læretida enn på slutten, noko som er rimeleg sidan lærlingen vil bidra meir til bedrifta si inntening jo meir erfaring han eller ho får.

    Ei lærebedrift mottar tilskudd for å dekkje kostnadar for kvar enkelt lærling dei tar inn. Størrelsen på lærlingtilskotet blir fastsett av Kunnskapsdepartementet, og endrast normalt kvart år.
    Her finn du gjeldande satsar.

    (Kjelde)

Bli lærebedrift

Søk om å bli lærebedrift hos Fagopplæring Elektro

Ta kontakt med oss for å finne ut om de kan godkjennast som lærebedrift hos oss.

Søk om godkjenning i eit lærefag

Ta kontakt med oss, så sørger vi for å innhente nødvendig informasjon, og søker fylkeskommunen om godkjenning.

Godkjenninga krev at to forhold blir ivaretatt:

  • at bedrifta har relevante arbeidsoppgåver som mogleggjer opplæring i kompetansemåla i den aktuelle læreplanen.
  • at bedrifta har ein fagleg leiar som ivaretar bedrifta sitt opplæringsansvar i samsvar med opplæringslova.

Fagleg leiar

  • Er fagleg kvalifisert.
    Kompetansekrav for å kunne verte godkjend som fagleg leiar, eitt av desse kriteria må vere oppfylt:
    – Relevant fagbrev
    – Høgare utdanning i faget
    – Lang arbeidserfaring i faget (minimun 6år)
  • Ser til at opplæringslova med forskrifter blir følgd.
  • Følgjer opp og hjelper rettleiarar/instruktørar med opplæringa.

Kurs for fagleg leiar/instruktør

Faglege leiarar og instruktørar må, før godkjenning, ha gjennomført del 1 som er e-læringskurset.
Dagskurset/webinaret er, som sagt,  del 2 i ei obligatorisk opplæring for faglege leiarar og instruktørar i bedrifter. Kurset må gjennomførast innan eitt år etter godkjenning. Leiarar i lærebedrifter og lærarar i yrkesfag er også velkomne til å ta e-læringskurset og å melde seg på dagskurset/webinaret. Målet med kurset er å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar. Del 2 av opplæringa, dagkurs/webinar blir halde av rettleiingstenestene i Vestland fylkeskommune. Finn kommunen/bydelen der bedrifta di har adresse og trykk på tilhøyrande lenke for å melde deg på del 2.
Du vil då bli sendt vidare til påmeldingssida for rettleiingstenesta di.

Kommune
Påmeldingslenke
Stryn, Stad, Gloppen, Bremanger, Kinn, Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund Rettleiingstenesta Vestland Nord
Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Voss Herad, Vaksdal og Eidfjord Rettleiingstenesta Indre Vestland
Alver, Arna bydel, Austrheim, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Åsane bydel Rettleiingstenesta Bergen Nord

Tilskudd

Ei lærebedrift som tar inn lærlingar får tilskot etter faste satsar. Fagopplæring Elektro forvaltar tilskotet på vegne av medlemsbedriftene i henhold til godkjende vedtekter.

Tilskuddsatsar

Regelverk og arbeidsavtale

Lærlingen er arbeidstakar i bedrifta med samme rettigheiter og plikter som andre tilsette.
Det betyr at arbeidsgivaren har styringsrett over lærlingen i tråd med lovverket, tariffavtale, arbeidsavtale og bedrifta sitt arbeidsreglemang.

Det skal teiknast lærekontrakt som lærebedrifta er ansvarleg for, samt ei arbeidsavtale med lærebedrift som definerar arbeidsgivarforhold og personalansvar.

Både arbeidsgivar og lærling har ansvar for at tida i lærebedrifta blir best mogleg.

I tariffavtalane er det fastsett nokre normar for korleis opplæringa i bedriftene skal foregå, og lønnssatsar for lærlingane. Dei fleste bedrifter fylgjer desse, men det kan vere noko skilnad mellom dei ulike bedriftene. Oppdaterte lønnssatsar finn på NHO Elektro sine heimesider.

Opplæring i bedrift skal fylgje Opplæringslova og skje etter bedriftens opplæringsplan, og dei vedtaka som til ei kvar tid blir gitt i henhold til opplæringslova.

Fagopplæring Elektro skal melde lærlingen opp til fagprøva når det er fire måneder igjen av læretida.

Rekruttering

Klikk her for: Plan for rekruttering

For å booke øvingsbrett

Sjå oversikt over ledig tid her: Bookingtider

Send e-post til lisa.mo@ofelsfj.no

Instruks og innhald i eit sett med øvingsbrett

Instruksjon for bedrift øvingsbrett

Forslag til framsyning for elevane: Intro for øvingsbrett USK 

Forslag til kopling og oppgåver for kvart øvingsbrett

OPPGÅVE ELKRAFT

OPPGÅVE AUTOMASJON

OPPGÅVE DATA og ELEKTRONIKK

Læreplanar

Her finn du ein lenke til Utdannings direktoratet si heimeside, lenkja tar deg direkte til søkesida for dei nasjonale læreplanane.
Skriv inn namnet på faget du vil ha tak i og du blir sendt direkte til læreplanen for faget.

LÆREPLANAR

Fagprøve

OPPMELDING

Det er vi i Fagopplæring Elektro som står for oppmelding til fagprøva.

Vi melder opp alle lærlingar fire månadar før lærekontrakta går ut.
Vi melder dykk opp til Vestland Fylkeskommune, som må godkjenne prøva. Dette kan ta noko tid.

All teori må vere bestått for at oppmelding skal bli godkjend.
Prøvenemnda tek etterkvart kontakt med lærlingen, og/eller lærebedrifta for å avtale nærare prøve og dato.

NÅR KAN LÆRLINGEN GÅ OPP TIL FAGPRØVA?

Fagprøva skal gjennomførast i løpet av dei siste tre månadane av læretida.
Lærlingen kan finne lærekontrakta si på Vigo.no.
For å få fagbrev må lærlingen ha bestått gjeldande eksamen, bestått fagprøva og gjennomført heile læretida si.

AVVIKLING

Fagprøva skal gjennomførast på prøvestasjon eller i lærebedrifta (eller hos kunde).

Vi har prøvestasjonar for

  • Elektrikerfaget
  • Automatiseringsfaget
  • Telekommunikasjonsfaget

Fylket, VGS, Campus Verftet og Inviro eig prøvestasjonane.
Dei kostar omlag 10.000.- veka å leige.

Prøva består av fire hovud delar:

  • Planlegging
  • Gjennomføring
  • Dokumentasjon
  • Eigenvurdering

Lengda på fagprøva varierer for kvart fag, du kan sjå minstekravet i gjeldande læreplan.
Første dagen av prøva kjem to sensorar frå prøvenemnda for å gjennomgå prøva med lærlingen. Planleggingsdel skal normalt leverast inn digitalt i løpet av denne dagen.
Resten av tida jobbar lærlingen sjølvstendig med prøva. Siste dagen kjem sensorane igjen for vurdering, utspørjing og karaktersetjing av fagprøva.

Lærlingen kan få tre karakterar:

  • Ikkje bestått
  • Bestått
  • Bestått mykje godt

FAGBREVUTDELING

Kvar juni held vi fagbrevutdeling på Skei. Instruktørkurs vert lagt til dagen etter, slik at ein enkelt kan kombinere desse. Vi ønsker representantar tilstede frå dei bedriftene som har fagbrevmottakarar.

Skjema til nedlasting

  • Intensjonsavtale-2 (1)
  • Arbeidsavtale for lærlingar
  • AT-563N arbeidsavtale
  • Intern opplæringsplan
  • Overforing-av-laerlingar-mellom-medlemsbedrifter
  • Hevingskjema (melding-om-oppheving-av-larekontrakt)

Nyttige lenker:

 
  • Fagopplæring Elektro

  • NHO Elektro Sogn og Fjordane

  • ORG

    974483874 Fagopplæring Elektro
    882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane

  • Kontakt oss

  • post@ofelsfj.no

  • Firdavegen 6

    6800 FØRDE
    Concord

  • Facebook

    @ofelsfj

  • Instagram

    @fagopplaeringelektro

  • TIKTOK

    @fagopplaeringelektro

© Kopirett - ofelsf.no • WEButvikling A til Å • PERSONVERNERKLÆRING
Scroll to top

Denne nettsida brukar cookies / informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke sida, godtek du bruken vår av cookies.

OKEg godtek vilkåra.×

Cookie and Privacy Settings



How we use cookies

We may request cookies to be set on your device. We use cookies to let us know when you visit our websites, how you interact with us, to enrich your user experience, and to customize your relationship with our website.

Click on the different category headings to find out more. You can also change some of your preferences. Note that blocking some types of cookies may impact your experience on our websites and the services we are able to offer.

Essential Website Cookies

These cookies are strictly necessary to provide you with services available through our website and to use some of its features.

Because these cookies are strictly necessary to deliver the website, refusing them will have impact how our site functions. You always can block or delete cookies by changing your browser settings and force blocking all cookies on this website. But this will always prompt you to accept/refuse cookies when revisiting our site.

We fully respect if you want to refuse cookies but to avoid asking you again and again kindly allow us to store a cookie for that. You are free to opt out any time or opt in for other cookies to get a better experience. If you refuse cookies we will remove all set cookies in our domain.

We provide you with a list of stored cookies on your computer in our domain so you can check what we stored. Due to security reasons we are not able to show or modify cookies from other domains. You can check these in your browser security settings.

Google Analytics Cookies

These cookies collect information that is used either in aggregate form to help us understand how our website is being used or how effective our marketing campaigns are, or to help us customize our website and application for you in order to enhance your experience.

If you do not want that we track your visit to our site you can disable tracking in your browser here:

Other external services

We also use different external services like Google Webfonts, Google Maps, and external Video providers. Since these providers may collect personal data like your IP address we allow you to block them here. Please be aware that this might heavily reduce the functionality and appearance of our site. Changes will take effect once you reload the page.

Google Webfont Settings:

Google Map Settings:

Google reCaptcha Settings:

Vimeo and Youtube video embeds:

Other cookies

The following cookies are also needed - You can choose if you want to allow them:

Privacy Policy

You can read about our cookies and privacy settings in detail on our Privacy Policy Page.

Personvernerklæring
Accept settingsHide notification only