• JENTER I ELEKTRO

    eit nettverk for kvinner i elektrobransjen
    i Sogn og Fjordane

Kvinnenettverk – eit konkret tiltak for å betre mangfaldet

Etter at vi oppretta jentenettverk i 2020 har vi auka tal signerte lærekontrakter frå 7 til 14% i 2023!
Dette håpar vi er ein trend som held seg i åra som kjem, og at nettverket har den gode effekten som vi ser eit hint av allereie no.

Nettverket består av 85 fagutdanna kvinner mellom 16-60år.
Vi har vgs-elevar, lærlingar, fagarbeidere, ingeniører, faglærere og daglege leiarar med på laget!

Vi samarbeidar med NHO Elektro og Montørjentene frå El og It, samt andre nettverk over heile landet.
Ta gjerne kontakt med Lisa for å melde deg inn, eller få meir informasjon.

Rekruttere fleire

Bedriftene våre, samt elektrobransjen generelt, ytrar både ønske og behov for fleire jenter i elektrofag. Dette er òg ein strategi i NHO Elektro sitt Veikart.
Ved å auke kvinneandelen vil vi samtidig bane veg for eit betre mangfald i bedriftene.

I Fagopplæring Elektro har vi pr 2024 totalt 9% kvinnelege lærlingar, rett over landssnittet på 7% . Alt for lite!

Derfor har vi fokus på å rekruttere fleire jenter til elektrolinjene på vidaregåande skular, og til bedriftene som lærlingar. Både unge og vaksne.
Dette gjer vi ved å vere meir synlege utad på sosiale medier, ved å stille på utdanningsmesser, besøke ungdomskular, stille på foreldremøter og liknande.
Målet er å opplyse både ungdom og foreldre om moglegheitene, tryggheita og breidda som ligg i bransjen vår.

«Det er god lønn, organisert bransje, hele stillingsprosenter og arbeidstid som gjør at både mamma og pappa kan hente i barnehage. Vi er rett og slett en veldig familievennlig bransje, det er det kanskje ikke så mange som tenker på. I tillegg tror mange at yrket er tungt, men det er helt feil. Er det noe som er så tungt at damene må ha hjelp, ja da må mannfolka ha hjelp de også.» Håvard Ringstad, Caverion

Tette lekkasjar

Eit like viktig arbeid, er å sørge for at bedriftene er rusta til å ta vare på kvinnene som allereie er der – vi må tette lekkasjar.
Derfor nyttar vi blant anna informasjon og tilbakemeldingar direkte frå nettverket for å ruste bedriftene til å handtere dagens utfordringar.
På den måten opnar vi for ein del tabubelagde spørsmål, som «kva er eigentleg seksuell trakassering?». Nettopp dette spørsmålet dukka opp i salen på eit medlemsmøte med bedriftene våre, under eit foredrag om tidlegare straffesaker, forebygging og handtering av seksuell trakassering på arbeidsplassen. Desse spørsmåla må det vere rom for, slik at ein kan bli meir opplyste og betre til å ivareta alle minoritetar på jobb. Både som leiarar og som kollega.
Vi opplever at det er stor velvilje i området vårt. Mange av bedriftene er godt i gong med å auke kvinneandelen. Vi ser at dei søker meir kunnskap om for å betre mangfaldet i sin organisasjon, og set inn tiltak. Det kan vere praktiske ting som garderobe og arbeidskle, eller det kan vere å tydeleggjere interne varslingsrutinar for eksempel.
Lurer du på kva seksuell trakassering er, les meir her. Er du usikker på kva rettigheiter minoriteter har på jobb, les her.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko, eller følg oss på SOME: ; FacebookInstagramTiktok.

MÅLSETJING

Vår målsetjing er å rekruttere fleire kvinner til elektrobransjen i Sogn og Fjordane, samt å ivareta dei kvinnene som allereie er her.
Vi skal forebygge mot, og støtte dei i, praktiske og/eller psykososiale utfordringar. Det kan vere manglande garderobe, tilpassa arbeidskler, verktøy, verneutstyr, eller trakassering, diskriminering, manglande varslingsrutinar og liknande. Vi opplev at bransjen utviklar seg i riktig retning, og at her er stort potensiale for å nytte kvinnenettverket vårt til å styrke denne utviklinga.

KVA VIL VI OPPNÅ?

  • Gjere vegen inn i bransjen trygg og stabil for den framtidige kvinnelege fagarbeidaren ved å ha eit nettverk som tek dei imot allereie første året på vidaregåande skule.
  • Auka trivsel og tryggleik for jentene som allereie er i elektrobransjen, ved å vere ein lett tilgjengeleg og lokal ressurs spesielt for denne gruppa.
  • Styrke kjennskapen mellom jentene i bransjen, på tvers av rolle og alder, slik at ein lettare kan søke kontakt, råd og/eller støtte i kvarandre.
  • Auke kompetanse og trivsel i bransjen gjennom eit meir kjønnsblanda miljø.
  • Gjere bransjen i vårt område betre rusta til å ta imot ungdom og vaksne uavhengig av kjønn.

Jentene hjå Sætren Installasjon. Foto: Kjellrun Åsebø / Fjordenes Tidende

KVIFOR?

  • Elektrobransjen vil trenge fleire med yrkesfagleg kompetanse både lokalt og nasjonalt i åra som kjem. Elektrofag står sentralt i det grøne skiftet, og storparten av våre bedrifter i Sogn og Fjordane melder at dei har behov for fleire fagarbeidarar allereie no.
  • Vi treng auka interesse og større grunnlag blant ungdom for å velje eit elektrofag på vidaregåande skule.
  • Elektrobedriftene er godt eigna som arbeidsplass parallelt med familieliv. Bedriftene er velorganisert, tilbyr heile stillingar, gode arbeidstider og god løn.
  • Elektrobransjen blir meir kompleks og teknisk for kvart år, og kan derfor tilby svært stor breidde i type arbeidsoppgåver. Dette bør komme alle til gode, uavhengig av kjønn.

2026

Samling: Gokart i Sunnfjord
Årets samling med Gokart!
8-9.mai, Scandic Sunnfjord Hotel.

OG vi får besøk av Victoria Bjørge!

Midlar
Vi har fått 50 000 kr frå
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

og 100 000 kr frå

Tusen hjerteleg takk for støtta!

2025

TECH-Jenter
Inviro arrangerer årleg ein dag for 9.klasse jenter, for å formidle moglegheitene i teknologiske fag og yrker. Vi var der sjølvsagt!

Realfagsdag på Eid
Saman med Eid Elektro og Caverion.
Anna er elektrikarlærling hos Eid Elektro.

Kickoff for nytt jentenettverk i Ålesund!

2025 Samling: Surfing i Hoddevika!
Surfing med instruktør, middag og overnatting på Stad Hotel.

ELBUS
Vi har fått innvilga midlar til årets samling for nettverket vårt!

2024

HUB for OCEAN i Florø
Jenter og teknologi-dag i Florø for alle 9.klassejenter.
Fokus Elektro, Linja og Fagopplæring Elektro stilte på med 4 medlemmar av nettverket vårt.
Heidi, Marion og Lisa.

Utdanningsval for 10.klasse
Bilete av både kvinneleg lærar på elektroavd, elektrikarlærling, elektrikar og automatikar. Sjeldent syn!

Jenter i Elektro hos Teknologidagen på Eid
140 jenter frå 9.klasse frå heile Nordfjord møtte oss i Operahuset på Eid.
Tuva, Malin og Lisa frå nettverket stilte på.
Les meir her.

Samarbeid på tvers av landet
Vi har hatt tett kontakt med Monica Brendlien som er Fagkonsulent hjå Opplæringskontoret for NHO Elektro Oslo og omegn.
Ho har engasjert seg for å få opp eit kvinnenettverk i eige område, og har blant anna hospitert på samlinga vår for å lære.
Når vårt eige nettverk skulle opprettast fekk vi god hjelp frå Montørjentene, og  litt starthjelp.

Vi er to forskjellige nettverk, men dei har fått lage sin eigen versjon av vår logo:

Samling for Jenter i Elektro SF
Årets samling 19.april i Sogndal! Les meir.
Klatring med instruktør, middag og overnatting på hotell.

ELBUS
Vi får innvilga 145 000kr av ELBUS !

Nelfo Opplæringskonferanse
«Kvinnenettverk og rollemodeller»
Panelsamtale, ledet av Andreas Strømsheim- Aamot, Nelfo.

2023

Podcast: Elektrokanalen

Nelfo Årskonferanse
Kvifor starte eit jentenettverk? Kva er motivasjonen?

Medlemsmøtet til Nelfo Sogn og Fjordane
Jeanett og lærling Thea frå FRAMO holdt eit innlegg om korleis dei auka kvinneandelen, og kva tiltak dei nyttar for å få det til.

Undersøking: Trivsel på arbeidsplassen
Her finn du resultatet av ei undersøking av vårt område.

Årets samling for Jenter i Elektro SF!
Les meir her .

Nelfo Opplæringskonferanse
Lisa og Montørjentene v/Heidi Lie presenterte jentenettverket, og ELBUS ordninga!

ELBUS og Sparebankstiftinga!
Vi får innvilga 105 000kr av ELBUS og 20 000kr av Sparebankstiftinga for å holde jentesamling!

2022

Eigen logo!

Designa eigen logo, bestilt og delt ut gensere til alle elevar og lærlingar i nettverket.

Årets samling for Jenter i Elektro SF!
Les meir her.

<2021

Intervju
Intervju med nokre av våre kvinnelege lærlingar.
Sjå i fana under her.

Vi har 3-4% kvinner i elektrobransjen.

Dette statistikken kjem frå forskjellige kjelder:

  • Utdanning.no har statistikk som ligg på 2,6% kvinnelege elektrikere.
  • El og It sine medlemstal ligg på 15-16000, der omlag 4% er kvinner.

Frå tala til El og It Vestland:

Antal eldre kvinner i bransjen er svært lav (0,9%).
Dette er med på å trekke ned andelen kvinner totalt.

Dersom vi ser på nyare tal aleine, feks kvinner i elektrobransjen mellom 32-33år, ligger vi faktisk heilt oppe i 6-10 %!
Kan dette tyde på at samfunnet er på rett veg, at mangfoldet gjer ein solid oppsving, og at jentene faktisk blir verande i bransjen vår?

Vår oppstart

Opprett ei Facebook-gruppe.
Den er synleg slik at ein kan søke den opp for å bli medlem, men berre open for godkjende medlemmar.
Ein må skrive inn kva utdanning/skule/bedrift ein er med i når ein ber om å bli medlem.

Vi inviterte alle våre kvinnelege lærlingar, og elevar i elektrolinjene på VGS.
Send ein e-post med lenke til gruppa, så distribuerer lærarane dersom du ikkje får besøkt alle skulane sjølv.

Kvinnelege fagarbeidarar meldte si interesse for nettverket, vi utvida kriteriet for medlemskap slik at desse vart med.
Faglærarar på skulane, samt ingeniørar med fagutdanning i bedriftene ønska å vere med, dei er ofte ein minoritet på sin arbeidsplass, så det vart naturleg å inkludere dei.

Lag logo/namn for nettverket slik at det skulle vere lett kjenne att.
Idémyldring på kontoret resulterte i ein heimelaga logo utan profesjonell hjelp.
Denne logoen har kvinnenettverk på austlandet fått lov til å bruke og, vi må løfte kvarandre!

Vi søkte midlar frå ELBUS.

Fysisk samling
Vi planla ei veldig enkel samling på eit par timar, med enkel servering, ein torsdags ettermiddag.
Vi var nesten 30 oppmøtte, så behovet er der, veldig bra!

Neste samling vart planlagt, denne gongen med middag og overnatting.
Seinare har vi hatt stor suksess ved å legge inn fysisk aktivitet, det samlar gruppa og gjer det lettare for dei å ta kontakt med kvarandre.

  • Send ønske om sponsorar til næringslivet i ditt område.
    Vi fekk stor respons, og fekk delt ut alt på samlinga – suksess.
  • Samlingane har størst fokus på trivsel og kjennskap. Ha tid nok til den gode praten.
    Å skape tilhørigheit på tvers av bedrifter og avstandar er viktig for å få kvinnene til å bli verande.
    Quiz med oppdeling i lag, og premieutlodding, har vore storsuksess.
    Trekk fram dei meir erfarne kvinnene dersom dei er komfortable med det.
    La dei fortelje resten litt om deira veg inn i bransjen, om deira karriereveg og erfaringar.
    Inviter Montørjentene eller andre med kompetanse på rettigheiter i arbeidslivet.
  • Be om evaluering i etterkant, ta kritikk og rett opp til neste samling.
    Det er ikkje sikkert at vi som arrangør av samlinga har rett fokus, finn ut kva som er viktig for medlemmane.
    Dette er viktig å finne ut av, slik at samlingane blir nyttige og aktuelle for medlemsmassen.

Vedlikeholde nettverket

  • Årleg fysisk samling for alle medlemmar i nettverket.
  • Jamleg relevant oppdatering for medlemmane blir distribuert til nettverket via Facebook-gruppe.
    Ikkje overdriv, då når du gjerne ikkje ut.
  • Fagopplæring Elektro nyttar nettverket sin kompetanse og erfaring inn i sitt arbeid med opplæring i Sogn og Fjordane.
  • Fagopplæring Elektro har tett kontakt med bedriftsleiarar, og har styrking av mangfaldet på agendaen til medlemsmøter med bedriftene.
    Eksempelvis innlegg av Nina Tennebekk frå NHO, ho tok føre seg «Førebygging og handtering av seksuell trakassering».
  • Nettverket har ei eiga arbeidsgruppe med Nord-Vestland sine representantar frå Montørjentene.

Søk samarbeid

Naturlege partar som har ønske om å støtte målsettinga til nettverket vårt:

  • Montørjentene El og It
  • Nelfo Sogn og Fjordane/ Nelfo sentralt
  • NHO
  • Lokalt næringsliv, våre medlemsbedrifter
  • Kvinnenettverk i andre opplæringskontor/regionar
  • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har fleire gonger tildelt midlar til oss.

1. Betre utnytting av arbeidskraft

  • Løysing på arbeidskraftsbehovet: Elektrobransjen har stor etterspurnad etter arbeidskraft, og ved å rekruttere fleire kvinner opnar ein opp for ein større del av befolkninga som i dag er underrepresentert. Dette kan bidra til å dekkje behovet for fleire fagarbeidarar.
  • Fleire talent og ressursar: Ved å rekruttere fleire forskjellige menneske, får bransjen tilgang til eit breiare spekter av kompetanse og talent.

2. Auka innovasjon og kreativitet

  • Mangfald av perspektiv: Fleire forskingsstudiar viser at mangfaldige team har større evne til å løyse problem, tenkje kreativt og finne nye løysingar.
    Kvinner kan bidra med andre perspektiv og tilnærmingar som kan styrkje innovasjonen i bransjen.
  • Betre tilpassing til kundebehov: Elektrobransjen betener ein mangfaldig kunde marknad. Ved å ha eit meir mangfaldig personale kan ein betre forstå og tilpasse seg behova til kundane.

3. Auka trivsel og betre arbeidsmiljø

  • Betre arbeidsmiljø: Arbeidsmiljø med større kjønnsmangfald har ofte betre trivsel, mindre konflikt og lågare fråvær. Eit variert miljø bidrar til betre samarbeid og kommunikasjon.
  • Endring av arbeidskulturen: Ved å inkludere fleire kvinner i bransjen, kan ein bidra til å endre ein kultur som tradisjonelt har vore mannsdominert. Dette kan redusere macho-kultur og auke fokus på trivsel og tryggleik på arbeidsplassen.

4. Like moglegheiter og rettferd

  • Likestilling og rettferd: Alle skal ha moglegheit til å velje yrke fritt, uavhengig av kjønn. Når kvinner blir oppmuntra til å velje elektro som karriereveg, fremjar det like moglegheiter.
  • Reduksjon av kjønnsskilje i yrkesval: Å oppmuntre fleire kvinner til å velje yrkesfag og elektro kan vere med på å bryte ned tradisjonelle kjønnsroller og bidra til eit meir likestilt samfunn.

5. Enda betre omdømme

  • Bransjens omdømme: Elektrobransjen skal vere inkluderande og moderne ved å ha ein open og inkluderande rekrutteringspraksis.
    Dette kan bidra til at enda fleire får eit positivt inntrykk av bransjen vår.
  • Større rekrutteringsgrunnlag: Ved å vise fram at bedriftene består av forskjellige menneske, kan bransjen tiltrekkje seg fleire unge søkjarar til lærlingplassar og utdanningar innan elektro.

Oppsummering

Auka mangfald i bedriftene bidreg ikkje «berre» til betre likestilling i samfunnet vårt, det kan gi di bedrift betre ressursutnytting, større innovasjon, eit betre arbeidsmiljø og eit styrka omdømme. Kva meir kan ein ønske seg?
Mangfald skaper eit breiare perspektiv, fremjar kreativitet og gir betre tilpassing til marknaden.
Å rekruttere fleire kvinner er ein god strategi for å sikre bransjen si framtid. Rett og slett.

Andre artiklar og nettverk

EL og IT Forbundet Vestland

Montørjentene er et utvalg i Elektroarbeidernes fagforening som blei oppretta i 2012.
Utvalet sitt mandat er å betre forholda for kvinner på byggeplassen, spesielt med tanke på garderobeforhold og arbeidskle.

Dei fokuserer òg på å få fleire kvinner til å utdanne seg til elektrofaga, og ikkje minst få dei til å bli verande i faget.
Kvinneandelen i Elektroarbeidernes Fagforening Vestland har meir enn dobla seg sidan Montørjentene blei etablert.

Les den flotte talen til leiar Henriette Thorsen på landsmøtet til EL og IT Forbundet 2023.


Foto: Leif Martin Kirknes

SOME

Følg Montørjentene på Facebook, Instagram eller Snapchat for å henge med på kva som skjer!

For å sikre at bedriftene får den breiaste og beste kompetansen, jobbar NHO, NITO og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering for å få fleire jenter til å søkje teknologiutdanning.

Gjennom samarbeid med fleire aktørar blir det arrangert årlege konferansar og opplevingsdagar for jenter på ungdomsskular og vidaregåande skular, der rollemodellar og bedrifter inspirerer og viser jentene kva moglegheiter som finst innan realfag og teknologi. Prosjektet har som mål å auke kvinneandelen på høvesvis tekniske yrkesfag, fagskular og høgskular og universitet.

Les meir her!

Fra 2008 til 2012 dreiv Inger Vagle og Ellen Møller eit prosjekt som dei kalla «Jenter i bil og elektro». Dette prosjektet anbefalar eg både jenter, gutar og arbeidsgivarar å lese. Det kan vere svært nyttig å setje i gang tiltak for å auke andelen jenter i elektrobransjen. Kvar bedrift har eit eige ansvar for å tilpasse seg, og gjere arbeidsmarkedet attraktivt for jenter.

Les sluttrapporten her: Jenter i bil og elektro


For å oppnå auka forståing og bevisstgjering rundt jenter sin situasjon i mannsdominerte bedrifter fekk dei deltakande bedriftene i oppgåve å lage kvar sin handlingsplan. Her vil eg trekke fram ein av handlingsplanane som eit eksempel:

«Handlingsplan for Toyota Oslo AS.
Utarbeidet av utvalget for prosjektet for Toyota Oslo, utvalgsleder og klubbleder, to kvinnelige lærlinger, opplæringsansvarlig, HMS-ansvarlig og verneombud.
Vi skal:
Opplyse bedriften om fordelene med jenter på arbeidsplassen. På alle nivå.

  • sikre rekruttering
  • øke mangfoldet
  • øke trivsel for alle
  • hindre generalisering av de jentene vi allerede har
  • fordel med en arbeidsstokk som er mer et tverrsnitt av befolkningen (kundene).

Tiltak:

  • Kvinnelig kontaktperson
  • Sikre et varslingssystem som fungerer. PC basert “fritt frem bok” – på alle
    avdelingene.
  • Opprette jentenettverk.
  • Kontakte våre klesleverandører og undersøke tilbudet til jenter der iht. klær og sko.
  • Fjerne dameplakater og kalendre. Jobbe for å bli kvitt bilbransjens “pornostempel”.
  • Undersøke sanitær forhold og hygiene på avdelingene.
  • Rundtur på avdelingene for å kartlegge diverse forhold.
  • Oppfølging av faddere til jenter. Danne nettverk her og?
  • Forbedre firmaets “ansikt utad” og image for jenter. Verdsette jentene som individer og øke yrkesstoltheten for jenter
  • Fadder må hjelpe til å sette klare grenser for trakassering og diskriminering. Være den gode leder og støttespiller den skal være.

HMS! utrolig viktig. Må kunne være stolt av arbeidsplassen. Ingen må tro at det er hit du havner, hvis du ikke er flink på skolen! Det skal være et mål å komme hit.

  • Oppstartsmøte for lærlinger. Med tillitsvalgt og kvinnelig kontaktperson.
  • Hjelp og oppmerksomhet. For mye, for lite? Spørre jentene rundt om.
  • Gi jentene følelsen av å være en ressurs og ikke en belastning!

Bransjenes langsiktige mål er at kvinner skal utgjøre 20 % av arbeidsstokken innen 2020.»