Fagopplæring Elektro
Velkomen til oss. Ynskjer du å ha lærlingar i eit elektrofag, eller er du nysgjerrig på moglegheitene som finst i elektrobransjen i Sogn og Fjordane? Da har du komme til rett plass. Vi brenn for å leggje til rette for at neste generasjon elektro-fagarbeidarar får den beste starten på karrieren i verdas beste lærebedrifter.
Kven er vi?
Fagopplæring Elektro er eit samarbeidsorgan som effektiviserer og koordinerer fagopplæringa for over 60 medlemsbedrifter. Vi fungerer som bindeledd mellom lærlingar, lærebedrifter og fylkeskommunen.
Vår oppgåve er å gjere vegen til fagbrevet trygg, lærerik og oversiktleg:
-
Vegen inn: Vi jobbar aktivt for å kople lærlingar med bedrifter som passar deira interesser og ambisjonar.
-
Oppfølging: Vi støttar og rettleiar både lærebedrifta og lærlingen gjennom heile læretida.
-
Kvalitet: Med lang erfaring og solid fagkompetanse sørgjer vi for at opplæringa held høg standard og samsvarar med behova i bransjen.
Rettleiing for unge og vaksne
Er du klar for å starte utdanninga di, eller er du ei bedrift som ønskjer å ta inn lærlingar? Vi gir rettleiing til både unge og vaksne som er nysgjerrige på fagbrev i eit elektrofag.
Vaksen, eller gå ein utradisjonell veg? Vi kan hjelpe deg og lærebedrifta med å skissere eit opplegg som vil ivareta eventuelle manglande eksamenar og praksiskrav, slik at du kjem i mål med utdanninga di. Dei fleste teorikurs og fagsamlingar som trengs, blir arrangert og gjennomført av oss. Desse kursa vert lagt inn i læretida di, og er normalt samlingsbasert.
Våre faste samlingar for lærlingane
- Oppstartsamtale med lærling i bedrift
- Kick-Off samling med fag og teambuilding
- Teorikurs og eksamenssamlingar
- Fagsamling ved behov (automatiseringsfaget)
- Fagprøvesamling
- Fagbrevutdeling




















