• Facebook
  • Instagram
  • TikTok
Fagopplæring Elektro
  • NHO Elektro
  • Fagopplæring Elektro
    • Aktuelt
    • Elektroskulen
    • Våre kurs
    • Årshjul
  • For lærling
    • Jenter i Elektro
  • For elev
  • For bedrifter
  • Våre medlemsbedrifter
  • Kontakt
  • Søk
  • Menu Menu

Informasjon

Jenter i Elektro

Kvinnenettverk – eit konkret tiltak for å betre mangfaldet

Etter at vi oppretta jentenettverk i 2020 har vi auka tal signerte lærekontrakter frå 7 til 14% i 2023!
Dette håpar vi er ein trend som held seg i åra som kjem, og at nettverket har den gode effekten som vi ser eit hint av allereie no.

Nettverket består av 85 fagutdanna kvinner mellom 16-60år.
Vi har vgs-elevar, lærlingar, fagarbeidere, ingeniører, faglærere og daglege leiarar med på laget!

Vi samarbeidar med NHO Elektro og Montørjentene frå El og It, samt andre nettverk over heile landet.
Ta gjerne kontakt med Lisa for å melde deg inn, eller få meir informasjon.

Rekruttere fleire

Bedriftene våre, samt elektrobransjen generelt, ytrar både ønske og behov for fleire jenter i elektrofag. Dette er òg ein strategi i NHO Elektro sitt Veikart.
Ved å auke kvinneandelen vil vi samtidig bane veg for eit betre mangfald i bedriftene.

I Fagopplæring Elektro har vi pr 2024 totalt 9% kvinnelege lærlingar, rett over landssnittet på 7% . Alt for lite!

Derfor har vi fokus på å rekruttere fleire jenter til elektrolinjene på vidaregåande skular, og til bedriftene som lærlingar. Både unge og vaksne.
Dette gjer vi ved å vere meir synlege utad på sosiale medier, ved å stille på utdanningsmesser, besøke ungdomskular, stille på foreldremøter og liknande.
Målet er å opplyse både ungdom og foreldre om moglegheitene, tryggheita og breidda som ligg i bransjen vår.

«Det er god lønn, organisert bransje, hele stillingsprosenter og arbeidstid som gjør at både mamma og pappa kan hente i barnehage. Vi er rett og slett en veldig familievennlig bransje, det er det kanskje ikke så mange som tenker på. I tillegg tror mange at yrket er tungt, men det er helt feil. Er det noe som er så tungt at damene må ha hjelp, ja da må mannfolka ha hjelp de også.» Håvard Ringstad, Caverion

Tette lekkasjar

Eit like viktig arbeid, er å sørge for at bedriftene er rusta til å ta vare på kvinnene som allereie er der – vi må tette lekkasjar.
Derfor nyttar vi blant anna informasjon og tilbakemeldingar direkte frå nettverket for å ruste bedriftene til å handtere dagens utfordringar.
På den måten opnar vi for ein del tabubelagde spørsmål, som «kva er eigentleg seksuell trakassering?». Nettopp dette spørsmålet dukka opp i salen på eit medlemsmøte med bedriftene våre, under eit foredrag om tidlegare straffesaker, forebygging og handtering av seksuell trakassering på arbeidsplassen. Desse spørsmåla må det vere rom for, slik at ein kan bli meir opplyste og betre til å ivareta alle minoritetar på jobb. Både som leiarar og som kollega.
Vi opplever at det er stor velvilje i området vårt. Mange av bedriftene er godt i gong med å auke kvinneandelen. Vi ser at dei søker meir kunnskap om for å betre mangfaldet i sin organisasjon, og set inn tiltak. Det kan vere praktiske ting som garderobe og arbeidskle, eller det kan vere å tydeleggjere interne varslingsrutinar for eksempel.
Lurer du på kva seksuell trakassering er, les meir her. Er du usikker på kva rettigheiter minoriteter har på jobb, les her.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko, eller følg oss på SOME: ; Facebook, Instagram, Tiktok.

Målsetting

MÅLSETJING

Vår målsetjing er å rekruttere fleire jenter til elektrobransjen i Sogn og Fjordane, samt å hindre at dei som allereie er i bransjen ønsker å forlate den på grunn av praktiske og/eller psykososiale utfordringar. Det vere seg manglande garderobe, tilpassa arbeidskler, verktøy, verneutstyr, eller trakassering, diskriminering, manglande varslingsrutinar og liknande. Vi opplev at bransjen utviklar seg i riktig retning, og at her er stort potensiale for å nytte jentenettverket vårt til å styrke denne utviklinga.

KVA VIL VI OPPNÅ?

  • Gjere vegen inn i bransjen trygg og stabil for den framtidige kvinnelege fagarbeidaren ved å ha eit nettverk som tek dei imot allereie første året på vidaregåande skule.
  • Auka trivsel og tryggleik for jentene som allereie er i elektrobransjen, ved å vere ein lett tilgjengeleg og lokal ressurs spesielt for denne gruppa.
  • Styrke kjennskapen mellom jentene i bransjen, på tvers av rolle og alder, slik at ein lettare kan søke kontakt, råd og/eller støtte i kvarandre.
  • Auke kompetanse og trivsel i bransjen gjennom kjønnsblanda miljø.
  • Gjere bransjen i vårt område betre rusta til å ta imot ungdom og vaksne uavhengig av kjønn.

Jentene hjå Sætren Installasjon. Foto: Kjellrun Åsebø / Fjordenes Tidende

KVIFOR?

  • Elektrobransjen vil trenge fleire med yrkesfagleg kompetanse både lokalt og nasjonalt i åra som kjem. Elektrofag står sentralt i det grøne skiftet, og storparten av våre bedrifter i Sogn og Fjordane melder at dei har behov for fleire fagarbeidarar allereie no.
  • Vi treng auka interesse og større grunnlag blant ungdom for å velje eit elektrofag på vidaregåande skule.
  • Elektrobedriftene er godt eigna som arbeidsplass for begge kjønn. Og er velorganisert med heile stillingar, ryddige arbeidstider og god løn.

Aktivitet

2025

Samling
Vi er i gang med planlegging av årets samling.
Det blir surfing i Hoddevik, middag og overnatting på Stad Hotel.

ELBUS
Vi har fått innvilga midlar til årets samling for nettverket vårt!

2024

HUB for OCEAN i Florø
Jenter og teknologi-dag i Florø for alle 9.klassejenter.
Fokus Elektro, Linja og Fagopplæring Elektro stilte på med 4 medlemmar av nettverket vårt.
Heidi, Marion og Lisa.

Utdanningsval for 10.klasse
Bilete av både kvinneleg lærar på elektroavd, elektrikarlærling, elektrikar og automatikar. Sjeldent syn!

Jenter i Elektro hos Teknologidagen på Eid
140 jenter frå 9.klasse frå heile Nordfjord møtte oss i Operahuset på Eid.
Tuva, Malin og Lisa frå nettverket stilte på.
Les meir her.

Samarbeid på tvers av landet
Vi har hatt tett kontakt med Monica Brendlien som er Fagkonsulent hjå Opplæringskontoret for NHO Elektro Oslo og omegn.
Ho har engasjert seg for å få opp eit kvinnenettverk i eige område, og har blant anna hospitert på samlinga vår for å lære.
Når vårt eige nettverk skulle opprettast fekk vi god hjelp frå Montørjentene, og  litt starthjelp.

Vi er to forskjellige nettverk, men dei har fått lage sin eigen versjon av vår logo:

Samling for Jenter i Elektro SF
Årets samling 19.april i Sogndal! Les meir.
Klatring med instruktør, middag og overnatting på hotell.

ELBUS
Vi får innvilga 145 000kr av ELBUS !

Nelfo Opplæringskonferanse
Kvinnenettverk og rollemodeller
Panelsamtale, ledet av Andreas Strømsheim- Aamot, Nelfo.

2023

Podcast: Elektrokanalen

Nelfo Årskonferanse
Kvifor starte eit jentenettverk? Kva er motivasjonen?

Medlemsmøtet til Nelfo Sogn og Fjordane
Jeanett og lærling Thea frå FRAMO holdt eit innlegg om korleis dei auka kvinneandelen, og kva tiltak dei nyttar for å få det til.

Undersøking: Trivsel på arbeidsplassen
Her finn du resultatet av ei undersøking av vårt område.

Årets samling for Jenter i Elektro SF!
Les meir her .

Nelfo Opplæringskonferanse
Lisa og Montørjentene v/Heidi Lie presenterte jentenettverket, og ELBUS ordninga!

ELBUS og Sparebankstiftinga!
Vi får innvilga 105 000kr av ELBUS og 20 000kr av Sparebankstiftinga for å holde jentesamling!

2022

Eigen logo!

Designa eigen logo, bestilt og delt ut gensere til alle elevar og lærlingar i nettverket.

Årets samling for Jenter i Elektro SF!
Les meir her.

<2021

Intervju
Intervju med nokre av våre kvinnelege lærlingar.
Sjå i fana under her.

Statistikk

Vi har 3-4% kvinner i elektrobransjen.

Dette statistikken kjem frå forskjellige kjelder:

  • Utdanning.no har statistikk som ligg på 2,6% kvinnelege elektrikere.
  • El og It sine medlemstal ligg på 15-16000, der omlag 4% er kvinner.

Frå tala til El og It Vestland:

Antal eldre kvinner i bransjen er svært lav (0,9%).
Dette er med på å trekke ned andelen kvinner totalt.

Dersom vi ser på nyare tal aleine, feks kvinner i elektrobransjen mellom 32-33år, ligger vi faktisk heilt oppe i 6-10 %!
Kan dette tyde på at samfunnet er på rett veg, at mangfoldet gjer ein solid oppsving, og at jentene faktisk blir verande i bransjen vår?

Korleis opprette nettverk i din region

Slik oppretta vi kvinnenettverket for vår region:

  • Vi oppretta ei facebookgruppe.
    Den er synleg slik at ein kan søke den opp for å bli medlem, men kun open for godkjende medlemmar.
    Ein må skrive inn kva utdanning/skule/bedrift ein er med i når ein ber om å bli medlem.
  • Vi inviterte alle våre kvinnelege lærlingar, og elevar i elektrolinjene på VGS.
    Send ein epost med lenke til gruppa, så distriuberer lærarane dersom du ikkje får besøkt alle skulane sjølv.
  • Kvinnelege fagarbeidere meldte si interesse for nettverket, vi utvida kriterie for medlemskap slik at desse vart med.
  • Faglærere på skulane, samt ingeniører med fagutdanning i bedriftene ønska å vere med, dei er ofte ein minoritet på sin arbeidsplass, så det vart naturleg å inkludere dei.
  • Laga logo/namn på nettverket slik at det skulle vere lett gjenkjennbart.
    Vi hadde idèmyldring på kontoret, og laga ein heimelaga logo uten profesjonell hjelp.
  • Vi planla ei veldig enkel samling på eit par timar, med enkel servering, ein torsdags ettermiddag.
    Vi var nesten 30 oppmøtte, så behovet er der, veldig bra!
  • Neste samling vart planlagt, denne gongen med middag og overnatting.
  • Vi søkte midlar frå ELBUS.
  • Sendte forespørsel til næringslivet i vårt område om sponsorgåver.
    Desse vart delt ut og lodda ut på samlinga -stor suksess.
  • Samlingane har størst fokus på trivsel og kjennskap.
    Å skape tilhørighet på tvers av bedrifter og avstander er viktig for å få kvinnene til å bli verande.
    Quiz med oppdeling i lag, og premieutlodding, har vore storsuksess.
    La ei av dei eldre, og ei av dei yngre fortelle resten litt om deira veg inn i bransjen?
    Inviter Montørjentene eller andre med kompetanse på rettigheter i arbeidslivet?
    Vi snakkar lite om korleis ståa er i bransjen (det veit vi alle).
  • Be om evaluering i etterkant, ta kritikk og rett opp til neste samling.
    Det er ikkje sikkert at vi som arrangør av samlinga har rett fokus, finn ut kva som er viktig for medlemmane.
    Kvinnene i vårt område ønska for eksempel ikkje eksterne SOME-kvinner som foredragsholdere slik eg foreslo, dei ønska å høyre frå eigne medlemmar.
    Dette er viktig å finne ut av, slik at samlingane blir nyttige og aktuelle for medlemsmassen.

Vedlikeholde nettverket

  • Årleg samling for alle medlemmar i nettverket. Dette skal vere ei fysisk samling som legg til rette for betre kjennskap, samt kompetanseheving.
  • Jamlege oppdateringar frå bransjen blir distribuert til nettverket via Facebook-gruppe.
  • OFEL vil nytte nettverket sin kompetanse og erfaring inn i sitt arbeid med opplæring i Sogn og Fjordane.
  • OFEL har tett kontakt med bedriftsledere, og har tema som «kvinnerekruttering» og «trivsel i bedriftene» på agendaen til medlemsmøtene med bedriftene. Førre medlemsmøte hadde vi feks besøk av Nina Tennebekk frå NHO, ho tok føre seg «Førebygging og handtering av seksuell trakassering».
  • Nettverket skal ha ei eiga arbeidsgruppe.

Vi søker samarbeid med naturlege partar som har ønske om å støtte målsettinga til nettverket

  • Montørjentene El og It
  • Nelfo Sogn og Fjordane/ Nelfo sentralt
  • NHO
  • Lokalt næringsliv, våre medlemsbedrifter
  • Jentenettverk i andre opplæringskontor/regionar

Kvifor skal di bedrift jobbe for auka kvinneandel?

1. Betre utnytting av arbeidskraft

  • Løysing på arbeidskraftsbehovet: Elektrobransjen har stor etterspurnad etter arbeidskraft, og ved å rekruttere fleire kvinner opnar ein opp for ein større del av befolkninga som i dag er underrepresentert. Dette kan bidra til å dekkje behovet for fleire fagarbeidarar.
  • Fleire talent og ressursar: Ved å rekruttere både menn og kvinner, får bransjen tilgang til eit breiare spekter av kompetanse og talent.

2. Auka innovasjon og kreativitet

  • Mangfald av perspektiv: Fleire forskingsstudiar viser at mangfaldige team har større evne til å løyse problem, tenkje kreativt og finne nye løysingar. Kvinner kan bidra med andre perspektiv og tilnærmingar som kan styrkje innovasjonen i bransjen.
  • Betre tilpassing til kundebehov: Elektrobransjen betener eit mangfaldig kundemarknad. Ved å ha eit meir mangfaldig personale kan ein betre forstå og tilpasse seg behova til kundane.

3. Auka trivsel og betre arbeidsmiljø

  • Betre arbeidsmiljø: Arbeidsmiljø med større kjønnsmangfald har ofte betre trivsel, mindre konflikt og lågare fråvær. Eit variert miljø bidrar til betre samarbeid og kommunikasjon.
  • Endring av arbeidskulturen: Ved å inkludere fleire kvinner i bransjen, kan ein bidra til å endre ein kultur som tradisjonelt har vore mannsdominert. Dette kan redusere macho-kultur og auke fokus på trivsel og tryggleik på arbeidsplassen.

4. Like moglegheiter og rettferd

  • Likestilling og rettferd: Alle skal ha moglegheit til å velje yrke fritt, uavhengig av kjønn. Når kvinner blir oppmuntra til å velje elektro som karriere, fremjar det like moglegheiter.
  • Reduksjon av kjønnsskilje i yrkesval: Å oppmuntre fleire kvinner til å velje yrkesfag og elektro kan vere med på å bryte ned tradisjonelle kjønnsroller og bidra til eit meir likestilt samfunn.

5. Bedre rykte og rekruttering

  • Bransjens omdømme: Elektrobransjen kan framstå som meir inkluderande og moderne når ein har ein open og inkluderande rekrutteringspraksis. Dette kan bidra til at fleire, både menn og kvinner, får eit positivt inntrykk av bransjen.
  • Større rekrutteringsgrunnlag: Ved å signalisere at bransjen er for både menn og kvinner, kan elektrobransjen tiltrekkje seg fleire unge søkjarar til lærlingplassar og utdanningar innan elektro.

Oppsummering

Å auke kvinneandelen i elektrobransjen handlar ikkje berre om likestilling, men også om betre ressursutnytting, større innovasjon, eit betre arbeidsmiljø og eit styrka omdømme. Mangfald skaper eit breiare perspektiv, fremjar kreativitet og gir betre tilpassing til marknaden. Å rekruttere fleire kvinner er ikkje berre eit mål for rettferd, men også ein smart strategi for å sikre bransjen si framtid.

Bli kjend med nokre av medlemmane

7. august 2024

Thea i Tussa Installasjon

12. april 2024

Malin hos Sætren

3. august 2020

Malin i Firda Elektro

10. mars 2020

Elise -lærling som vaksen

Jenter i elektro - www.ofelsf.no
4. mars 2020

Madeleine – lærling Ulvesund Elektro

Les meir om..

Montørjentene

EL og IT Forbundet Vestland

Montørjentene er et utvalg i Elektroarbeidernes fagforening som blei oppretta i 2012.
Utvalet sitt mandat er å betre forholda for kvinner på byggeplassen, spesielt med tanke på garderobeforhold og arbeidskle.

Dei fokuserer òg på å få fleire kvinner til å utdanne seg til elektrofaga, og ikkje minst få dei til å bli verande i faget.
Kvinneandelen i Elektroarbeidernes Fagforening Vestland har meir enn dobla seg sidan Montørjentene blei etablert.

Les den flotte talen til leiar Henriette Thorsen på landsmøtet til EL og IT Forbundet 2023.


Foto: Leif Martin Kirknes

SOME

Følg Montørjentene på Facebook, Instagram eller Snapchat for å henge med på kva som skjer!

Jenter og Teknologi

For å sikre at bedriftene får den breiaste og beste kompetansen, jobbar NHO, NITO og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering for å få fleire jenter til å søkje teknologiutdanning.

Gjennom samarbeid med fleire aktørar blir det arrangert årlege konferansar og opplevingsdagar for jenter på ungdomsskular og vidaregåande skular, der rollemodellar og bedrifter inspirerer og viser jentene kva moglegheiter som finst innan realfag og teknologi. Prosjektet har som mål å auke kvinneandelen på høvesvis tekniske yrkesfag, fagskular og høgskular og universitet.

Les meir her!

Jenter i Bil og Elektro

Fra 2008 til 2012 dreiv Inger Vagle og Ellen Møller eit prosjekt som dei kalla «Jenter i bil og elektro». Dette prosjektet anbefalar eg både jenter, gutar og arbeidsgivarar å lese. Det kan vere svært nyttig å setje i gang tiltak for å auke andelen jenter i elektrobransjen. Kvar bedrift har eit eige ansvar for å tilpasse seg, og gjere arbeidsmarkedet attraktivt for jenter.

Les sluttrapporten her: Jenter i bil og elektro


For å oppnå auka forståing og bevisstgjering rundt jenter sin situasjon i mannsdominerte bedrifter fekk dei deltakande bedriftene i oppgåve å lage kvar sin handlingsplan. Her vil eg trekke fram ein av handlingsplanane som eit eksempel:

«Handlingsplan for Toyota Oslo AS.
Utarbeidet av utvalget for prosjektet for Toyota Oslo, utvalgsleder og klubbleder, to kvinnelige lærlinger, opplæringsansvarlig, HMS-ansvarlig og verneombud.
Vi skal:
Opplyse bedriften om fordelene med jenter på arbeidsplassen. På alle nivå.

  • sikre rekruttering
  • øke mangfoldet
  • øke trivsel for alle
  • hindre generalisering av de jentene vi allerede har
  • fordel med en arbeidsstokk som er mer et tverrsnitt av befolkningen (kundene).

Tiltak:

  • Kvinnelig kontaktperson
  • Sikre et varslingssystem som fungerer. PC basert “fritt frem bok” – på alle
    avdelingene.
  • Opprette jentenettverk.
  • Kontakte våre klesleverandører og undersøke tilbudet til jenter der iht. klær og sko.
  • Fjerne dameplakater og kalendre. Jobbe for å bli kvitt bilbransjens “pornostempel”.
  • Undersøke sanitær forhold og hygiene på avdelingene.
  • Rundtur på avdelingene for å kartlegge diverse forhold.
  • Oppfølging av faddere til jenter. Danne nettverk her og?
  • Forbedre firmaets “ansikt utad” og image for jenter. Verdsette jentene som individer og øke yrkesstoltheten for jenter
  • Fadder må hjelpe til å sette klare grenser for trakassering og diskriminering. Være den gode leder og støttespiller den skal være.

HMS! utrolig viktig. Må kunne være stolt av arbeidsplassen. Ingen må tro at det er hit du havner, hvis du ikke er flink på skolen! Det skal være et mål å komme hit.

  • Oppstartsmøte for lærlinger. Med tillitsvalgt og kvinnelig kontaktperson.
  • Hjelp og oppmerksomhet. For mye, for lite? Spørre jentene rundt om.
  • Gi jentene følelsen av å være en ressurs og ikke en belastning!

Bransjenes langsiktige mål er at kvinner skal utgjøre 20 % av arbeidsstokken innen 2020.«

Artiklar og forsking

  • Henriette og Mari kobler kvinnelige elektrikere sammen gjennom Snapchat
  • Lea Erlandsen er Norges Hyggeligste Håndverker 2023
  • Toalett for kvinner på byggeplasser
  • Dette lokker jenter til elektrofag
  • Intervju av Marte -ho var einaste jenta i klassen
  • Kvinner i Teknikk og Handtverk
  • Dette lokker jenter til elektrofag
  • Frå helsesekretær til elektrikar
  • Veidekke vann gull (Magnet Awards) for sitt fokus på rekruttering av både jenter og deira foreldre.
  • El og It si oppfølging av Jenter i Bil og Elektro 
Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med LinkedIn
  • Del med epost
  • Link to Instagram
  • Fagopplæring Elektro

  • NHO Elektro Sogn og Fjordane

  • ORG

    974483874 Fagopplæring Elektro
    882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane

  • Kontakt oss

  • post@ofelsfj.no

  • Firdavegen 6

    6800 FØRDE
    Concord

  • Facebook

    @ofelsfj

  • Instagram

    @fagopplaeringelektro

  • TIKTOK

    @fagopplaeringelektro

© Kopirett - ofelsf.no • WEButvikling A til Å • PERSONVERNERKLÆRING
Scroll to top

Denne nettsida brukar cookies / informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke sida, godtek du bruken vår av cookies.

OKEg godtek vilkåra.×

Cookie and Privacy Settings



How we use cookies

We may request cookies to be set on your device. We use cookies to let us know when you visit our websites, how you interact with us, to enrich your user experience, and to customize your relationship with our website.

Click on the different category headings to find out more. You can also change some of your preferences. Note that blocking some types of cookies may impact your experience on our websites and the services we are able to offer.

Essential Website Cookies

These cookies are strictly necessary to provide you with services available through our website and to use some of its features.

Because these cookies are strictly necessary to deliver the website, refusing them will have impact how our site functions. You always can block or delete cookies by changing your browser settings and force blocking all cookies on this website. But this will always prompt you to accept/refuse cookies when revisiting our site.

We fully respect if you want to refuse cookies but to avoid asking you again and again kindly allow us to store a cookie for that. You are free to opt out any time or opt in for other cookies to get a better experience. If you refuse cookies we will remove all set cookies in our domain.

We provide you with a list of stored cookies on your computer in our domain so you can check what we stored. Due to security reasons we are not able to show or modify cookies from other domains. You can check these in your browser security settings.

Google Analytics Cookies

These cookies collect information that is used either in aggregate form to help us understand how our website is being used or how effective our marketing campaigns are, or to help us customize our website and application for you in order to enhance your experience.

If you do not want that we track your visit to our site you can disable tracking in your browser here:

Other external services

We also use different external services like Google Webfonts, Google Maps, and external Video providers. Since these providers may collect personal data like your IP address we allow you to block them here. Please be aware that this might heavily reduce the functionality and appearance of our site. Changes will take effect once you reload the page.

Google Webfont Settings:

Google Map Settings:

Google reCaptcha Settings:

Vimeo and Youtube video embeds:

Other cookies

The following cookies are also needed - You can choose if you want to allow them:

Privacy Policy

You can read about our cookies and privacy settings in detail on our Privacy Policy Page.

Personvernerklæring
Accept settingsHide notification only