Personvernerklæring
www.fagopplaeringelektro.no
Denne personvernerklæringa fortel korleis Fagopplæring Elektro som behandlingsansvarleg samlar inn og brukar personopplysningar.
Adressa vår:
CONCORD, Firdavegen 6, 6800 FØRDE – org.nr 974 483 874
Erklæringa gjeld for følgjande: www.fagopplaeringelektro.no
Fagopplæring Elektro, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.
Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).
Vår databehandlar på denne nettstaden er
Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.
Nettstaden vår nyttar Matomo som ein analyseplattform for å samle inn og analysere data om brukeråtferd. Matomo gir oss moglegheit til å forstå korleis besøkande tar nettstaden i bruk, kva sider som er mest besøkt, og korleis brukarane navigerer gjennom nettstaden. Ved å nytte Matomo kan vi forbetre brukaropplevinga og optimalisere innhaldet vårt basert på reelle data, samtidig som vi opprettheld ein høgare grad av personvern for brukarane våre.
Data som vert samla inn av Matomo inkluderer informasjon som nettlesartype, einingstype, tilvisingskjelder, samt tid brukt på nettstaden og kva sider som vert besøkt. Matomo gir oss også moglegheit til å spore spesifikke handlingar, som klikk på lenker og nedlastingar. All data som samlast inn er anonymisert, og vi nyttar den berre til interne analyser for å forbetre nettstaden vår. Brukarane har også moglegheit til å velje vekk sporing ved å justere innstillingane i nettlesaren.
Relaterte informasjonskapslar (cookies)
Matomo brukar ikkje cookies og respekterer «Do Not Track»-flagget som kan setjast i nettlesaren din dersom du ikkje ønskjer at besøket ditt skal vere med i statistikken.
Når du klikker på lenker som sender deg videre til en annen nettside, er det den aktuelle nettsiden sin personvernerklæring som gjelder. Personopplysninger som eventuelt blir samla inn då, behandlar ikkje vi.
Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss.