Vaksenlærling
Eit alternativ for deg som ønsker å ta eit fagbrev som vaksen.
Det er lett å bli lærling som vaksen!
Dette er eit skreddarsydd opplegg for deg som er vaksen og har som har lyst til å ta fagbrev i eit elektrofag.
Å vere voksenlærling er gratis. Læredrifta og Fagopplæring Elektro lagar til eit opplegg for deg slik at du har alt som skal til for å ta fagprøva i slutten av læretida di.
Teorikurs fram til VG2 og VG3 eksamen er det vi i Fagopplæring som held, dei er samlingsbaserte og er bakt inn i læretida di i samarbeid med lærebedriftene.
Du kan få kortare læretid dersom du har: bestått fellesfaga frå før, har relevant kompetanse, fagbrev frå før, relevant praksis.
Eksempelvis vil ein sjukepleiar få 6mnd fråtrekk for fellesfaga frå vidaregåande, og dermed ei læretid på totalt 4år.
| Læretid i bedrift | 1.året | 2.året | 3.året | 4.året | 4,5 år |
| Voksen utan relevant kompetanse: 4,5 år læretid | Oppstart Fellesfag |
Fellesfag | VG2 Kurs | VG3 Kurs | Fagprøve |
| Voksen med bestått fellesfag eller fagbrev frå eit anna utdanningsprogram: (eks tømrar eller helsefagarbeidar) 4 år læretid |
Oppstart | VG2 Kurs | VG3 Kurs | Fagprøve |

