Gniztrekrutt 

Eit alternativ for deg som ikkje kom inn på elektrolinja.

Fagopplæring Elektro i samarbeid med medlemsbedriftene tilbyr no «gniztrekrutt» .
Dette er eit skreddarsydd opplegg for deg som har lyst til å ta fagbrev i eit elektrofag, men som ikkje kom inn på elektrolinja.

Du kan lese meir om kva fag du kan velje her.

Nederst på denne sida finn du skjema der du kan melde di interesse. Vi vil då ta kontakt med deg for ein prat.

OPPLÆRINGSLØP  1 ÅR  2år  3år  4ÅR  4,5ÅR 
Full Opplæring i Bedrift 

– Ungdomskuleelev 

Oppstart

Fellesfag

Fellesfag VG2 Kurs VG3 Kurs Fagprøve 
  • 1.år

    Oppstart og fellesfag

    • Prøveperiode i bedrift: Du blir kjend med bedrifta og kollegane dine. 
    • Teikne lærekontrakt: Dialog med foreldre, orientering og forventningsavklaring. Gjennomgang av rutiner og plan for opplæringa. 
    • Oppstartsamling 
    • FSE-kurs og andre naudsynte kurs du må ha med omsyn til HMS 
    • Oppstart: Du blir kjend med arbeidsmetodar og rutinane i bedrifta. Fokus på å vere arbeidstakar. Du må føre praksislogg i faget, 500t/halvår 
    • Om du er motivert, deltek du på fellesfagundervisning. Enten nettundervsining https://www.nettskulen.vgs.no/ eller på ein av dei vidaregåande skulane. Som elev i nettskulen får du ein unik sjanse til å ta den utdanninga du ønskjer uavhengig av kor du bur.
      Gode og kvalifiserte lærarar møter deg i digitale klasserom. Motiverte medelevar skapar gode klassemilljø. Her er kva Tobias skriv om det å være elev i nettskulen 2022/23: 

    «-Nettskolen i Vestland er et solid tilbud for elever som ikke har mulighet eller tid å møte opp fysisk til undervisning. Så langt har jeg kun hatt positive erfaringer med både lærer, undervisningsopplegg og klasse miljøet!» 

    • Vurdering og tilbakemelding: Du vil bli kalla inn til halvårsvurdering i desember og i juni med fagleg leiar: Foreldre kan gjerne vere med på første samtale og seinare etter avtale og behov. 

    Tilbakemelding på halvårsvurdering vil vere både munnleg og skriftleg. Vurdering elles i løpet av året vil vere gjeve munnleg frå instruktør eller fagleg leiar i det daglege arbeidet. 

  • 2.år

    Fellesfag

    • Du held fram med å lære deg faget, etter kvart vil du få fleire utfordringar. 
    • FSE-kurs i bedrifta 
    • Halde fram med å føre praksislogg 
    • Fellesfagundervisning 
    • Vurdering og tilbakemelding, som år 1. 
  • 3.år

    VG2 Kurs

    • Du held fram med å lære deg faget, etter kvart vil du få endå fleire utfordringar. 
    • Halde fram med å føre praksislogg 
    • FSE-kurs i bedrifta 
    • Vg2 kurs, oppstart august/sept. med eksamen medio mai året etter. 5-6 samlingar med innlevering av teorioppgåver.
    • Vurdering og tilbakemelding, foreldre deltek ikkje. Elles som år 1.  
  • 4.år

    VG3 Kurs

    • Du held fram med å lære deg faget, du er no meir sjølvstendig og kan sjå heilskapen. 
    • Halde fram med å føre praksislogg, fokus på å ha tette hol i praksis. 
    • FSE-kurs i bedrifta
    • Vg3 kurs, oppstart august/sept. 5-6 samlingar med innlevering av teorioppgåver. Kurset blir avslutta med eksamen medio mai. 
    • Vurdering og tilbakemelding, som år 2. 
  • Siste halvår

    Fagprøve

    • Du skal no ferdig med vg3 eksamen i faget.
    • FSE-kurs i bedrifta
    • Halde fram med å føre praksislogg, fokus på å ha tette hol i praksis. 
    • Du konsentrerer deg om å førebu deg til fagprøva, med tanke på både teori og praksis. 
    • Fagopplæring Elektro kallar inn til Fagprøvesamling. 
    • Du blir meldt opp til fagprøven 4mnd før læretida di er ute.
    • Fagprøve: Siste 3mnd. i læretida kan du rekne med å måtte ta fagprøven. 
    • Læretida er over: Du får utdelt fagbrev om du har bestått fagprøven, vi arrangerer fagbrevutdeling på Skei kvar Juni! 

Vaksenlærling 

Eit alternativ for deg som ønsker å ta eit fagbrev som vaksen.

Det er lett å bli lærling som vaksen!
Dette er eit skreddarsydd opplegg for deg som er vaksen og har som har lyst til å ta fagbrev i eit elektrofag.

Å vere voksenlærling er gratis. Læredrifta og Fagopplæring Elektro lagar til eit opplegg for deg slik at du har alt som skal til for å ta fagprøva i slutten av læretida di.

Teorikurs fram til VG2 og VG3 eksamen er det vi i Fagopplæring som held, dei er samlingsbaserte og er bakt inn i læretida di i samarbeid med lærebedriftene.

Du kan få kortare læretid dersom du har: bestått fellesfaga frå før, har relevant kompetanse, fagbrev frå før, relevant praksis.
Eksempelvis vil ein sjukepleiar få 6mnd fråtrekk for fellesfaga frå vidaregåande, og dermed ei læretid på totalt 4år.

Læretid i bedrift 1.året 2.året 3.året 4.året 4,5 år
Voksen utan relevant kompetanse: 4,5 år læretid Oppstart
Fellesfag
Fellesfag VG2 Kurs VG3 Kurs Fagprøve
Voksen med bestått fellesfag eller fagbrev frå eit anna utdanningsprogram:
(eks tømrar eller helsefagarbeidar) 4 år læretid
Oppstart VG2 Kurs VG3 Kurs Fagprøve

Meld di interesse uten forpliktelsar, vi kontaktar deg.