ORG
974483874 Fagopplæring Elektro
882758362 NHO Elektro Sogn og Fjordane
Vestland fylkeskommune arrangerte digitalt informasjonsmøte om yrkesfag 17. februar 2022.
Søknadsfristen til vidaregåande opplæring nærmar seg. På menyen står blant anna ti yrkesfaglege utdanningsprogram og i enden av dei ei rekke både yrkes- og karrieremoglegheiter.
Tiandeklassingar, føresette og rådgjevarar i ungdomsskulen er målgrupper for møtet.
Her er innlegg ved tidlegare elevar som har valt yrkesfag, representantar frå arbeidslivet og politisk leiing i Vestland fylkeskommune.
Tema for møtet er
Informasjonsmøtet er eit resultat av samarbeid mellom opplæringskontora og Vestland fylkeskommune, det og er del av ei sterkare satsing på yrkesfag.
– Framskrivingar syner at vi i 2035 vil mangle 90 000 fagarbeidarar. Dei må utdannast no, og det er difor vi ønskjer å setje eit ekstra søkjelys på yrkesfaga, og syne kva moglegheiter som finst her, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.

Lærlinglønn