Er du vår nye kollega?

Søk på vår ledige stilling!

Har du kompetanse innan elektro og har lyst på nye utfordringar?

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk fagrådgjevar elektro som ønskjer å utvikle fagopplæringa i Sogn og Fjordane i eit kompetanserikt og framoverlent miljø.

Kvifor velje oss?

Hos oss får du ein arbeidsplass med stor fridom, høg fagleg kvalitet i eit inkluderande miljø:

  • Fleksibilitet: Du får ein sjølvstendig arbeidskvardag med gode ordningar for delvis heimekontor.
  • Tryggleik: Fast 100 % stilling i eit robust opplæringsmiljø, med svært god tenestepensjonsordning.
  • Sterkt nettverk: Du jobbar tett med 65 lærebedrifter og eit breitt fagmiljø innan elkraft, automasjon, telekom, dataelektronikk og meir.
  • Fagmiljøet HUB‑Yrkesfag: Du blir ein del av eit inspirerande fellesskap på 30 kollegaer i Concord-bygget i Førde

Om stillinga

Som fagrådgjevar elektro blir du bindeleddet mellom skule, lærling og arbeidsliv. Du har ei nøkkelrolle i dagleg drift av opplæringsaktiviteten ved kontoret, i tett samarbeid med dagleg leiar.

Stillinga passar for deg som trivst med ungdom, likar å formidle og vil vere med i utviklinga av framtidas elektrofagarbeidarar.

Kva skal du gjere?

  • Følgje opp: Støtte, rettleie og kvalitetssikre opplæringa i samarbeid med kollegaer og lærebedrifter.
  • Undervise og inspirere: Planleggje og gjennomføre teoriundervisning i elektrikerfaget og kurs.
  • Utvikle: Bidra til å vidareutvikle opplæringskontoret gjennom nye metodar, digitale løysingar og teknologiske verktøy.
  • Rekruttere: Vere synleg og aktiv i arbeidet med å tiltrekkje nye talent til bransjen.
  • Samarbeide: Jobbe tett med vidaregåande skular, fylkeskommunen, NAV og andre opplæringskontor.
  • Koordinere: Planlegging av dagleg drift i samarbeid med dagleg leiar.

Kven er du?

Vi ser etter ein trygg, fagleg sterk og tydeleg rollemodell:

  • Fagleg bakgrunn: Kompetanse innan elektro, fagbrev med fagskule eller tilsvarande. Praksis kan kompensere for formell utdanning.
  • Formidlar: Du er tydeleg, trygg og trivst med å formidle kunnskap til ungdom.
  • Strukturert: God orden i eiga verksemd, og samarbeider godt med andre.
  • Relasjonsbyggjar: Du jobbar godt med ungdom og er trygg i møte med bedrifter og samarbeidspartnarar.
  • Du har førarkort: Klasse B.

Vi tilbyr

  • Stor fridom og reell moglegheit til å forme din eigen kvardag
  • Eit sosialt og kompetanserikt fagmiljø innan elektro og fagopplæring
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle eit sterkt opplæringsmiljø
  • Kontorstad i Førde, men med moglegheit for delvis heimekontor
  • God tenestepensjonsordning
  • Fast 100 % stilling med løn etter avtale

Om arbeidsgivaren

Fagopplæring Elektro er det største opplæringskontoret i Sogn og Fjordane med over 200 lærekontraktar fordelt på 65 lærebedrifter. Totalt har elektrobransjen vi representerer omlag 900 tilsette. Vi er samlokalisert og samarbeider tett med NHO Elektro Sogn og Fjordane. Gjennom lærlingordninga bidreg vi til at bedriftene får tilgang til kvalifisert arbeidskraft. Vi har lærlingar innan elektrikar, energimontør, energioperatør, automasjon, telekommunikasjon, tavlemontør og dataelektronikar. Kontoret har fire tilsette og er ein del av fagopplæringsmiljøet HUB-Yrkesfag, med 30 tilsette i Concord-bygget i Førde.

Kontakt

Bjarte Heggheim
Dagleg leiar
Mobil: 99 71 44 74

Ronny Kjøde
Styreleiar
Mobil: 95 29 61 50

Eit innblikk i vår arbeidskvardag

Vi har ein variert kvardag på jobb, her er eit lite innblikk i vår aktivitet: