Kvifor ha lærling?
Det er svært mange grunnar for å søke om å bli godkjend lærebedrift og tilby læreplassar.
Her er fem av dei :
- Dykk viser at bedrifta tar samfunnsansvar.
Ei lærebedrift gir ungdom og vaksne moglegheit til å fullføre ei fagutdanning, og tar dermed vare på ei svært viktig samfunnsoppgåve. Alle som jobbar i ei lærebedrift kan vere stolt av det. For å gi lærebedriftene ei moglegheit til å synleggjere at dei tar samfunnsansvar, er det etablert ei merkeordning for godkjende lærebedrifter som har minst ein lærling i staben. Det er og gjennomført kampanjar for å få forbrukarane til å velje lærebedrifter når dei skal handle noko. Som godkjend lærebedrift med minst ei aktiv lærekontrakt får de anledning til å bruke merket i marknadsføringa av bedrifta, og det blir enklare for forbrukarane å finne fram til bedrifta. - Bedrifta får ny kompetanse
Når de tilbyr læreplass til ungdommar, får de «digitale innfødte» inn i bedrifta. Den digitale kompetansen ungdommane sit med er i dag etterspurd i dei aller fleste bedrifter. Mange voksne tilsette i lærebedrifter seier òg at dei set pris på energien og entusiasmen som ungdommane har med seg. - Ansatte i bedrifta får moglegheit til å prøve seg i ei ny rolle
Lærlingar har krav på oppfølging frå ein fagleg leiar, samt ein eller fleire instruktørar i læretida. Å vere fagleg leiar eller instruktør er ei viktig oppgåve. Ved å lære opp andre, utviklar ein òg sin eigen kompetanse. Desse rollene kan vere attraktive for fagarbeidera som ynskjer seg nye utfordringar og nye oppgåver. Ein slik moglegheit kan vere motiverande. - Dokke tar i bruk landets beste rekrutteringsordning
Godkjende lærebedrifter avgjer sjølv kven dei skal ta inn som lærlingar. Læretida går normalt over 2år, og på den tida blir ein godt kjend med lærlingen ein har valgt. De har inga plikt til å ansette lærlingen etter denne tida. Mange lærebedrifter velger å tilby lærlingen jobb fordi dei då kan rekruttere ein medarbeidar som er godt kjend med virksomheita, og som har vist si dyktigheit gjennom læretida. - Det er økonomisk gunstig
Læretida er etter «hovudmodellen» to år i bedrift, der det eine året definerast som eit opplæringsår og det andre som eit verdiskapingsår. I verdiskapingstida skal lærlingen delta i bedrifta på lik linje med andre arbeidstakara og dermed bidra til verdiskaping. I praksis betyr dette at i starten får lærlingen meir opplæring og trening enn mot slutten. Verdiskapingsdelen trappast gradvis opp, og på slutten av læretida deltar lærlingen betrakteleg i produksjonen.Løna til lærlingen varierar frå fag til fag. Utgangspunktet er at lærlingen som følger hovudmodellen skal tene ei årslønn til saman i løpet av læretida på to år. Løna er lågare i starten av læretida enn på slutten, noko som er rimeleg sidan lærlingen vil bidra meir til bedrifta si inntening jo meir erfaring han eller ho får.
Ei lærebedrift mottar tilskudd for å dekkje kostnadar for kvar enkelt lærling dei tar inn. Størrelsen på lærlingtilskotet blir fastsett av Kunnskapsdepartementet, og endrast normalt kvart år.
Her finn du gjeldande satsar.
Bli lærebedrift
Søk om å bli lærebedrift hos Fagopplæring Elektro
Ta kontakt med oss for å finne ut om de kan godkjennast som lærebedrift hos oss.
Søk om godkjenning i eit lærefag
Ta kontakt med oss, så sørger vi for å innhente nødvendig informasjon, og søker fylkeskommunen om godkjenning.
Godkjenninga krev at to forhold blir ivaretatt:
- at bedrifta har relevante arbeidsoppgåver som mogleggjer opplæring i kompetansemåla i den aktuelle læreplanen.
- at bedrifta har ein fagleg leiar som ivaretar bedrifta sitt opplæringsansvar i samsvar med opplæringslova.
Fagleg leiar
- Er fagleg kvalifisert.
Kompetansekrav for å kunne verte godkjend som fagleg leiar, eitt av desse kriteria må vere oppfylt:
– Relevant fagbrev
– Høgare utdanning i faget
– Lang arbeidserfaring i faget (minimun 6år) - Ser til at opplæringslova med forskrifter blir følgd.
- Følgjer opp og hjelper rettleiarar/instruktørar med opplæringa.
Kurs for fagleg leiar/instruktør
Faglege leiarar og instruktørar må, før godkjenning, ha gjennomført del 1 som er e-læringskurset.
Dagskurset/webinaret er, som sagt, del 2 i ei obligatorisk opplæring for faglege leiarar og instruktørar i bedrifter. Kurset må gjennomførast innan eitt år etter godkjenning. Leiarar i lærebedrifter og lærarar i yrkesfag er også velkomne til å ta e-læringskurset og å melde seg på dagskurset/webinaret. Målet med kurset er å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar. Del 2 av opplæringa, dagkurs/webinar blir halde av rettleiingstenestene i Vestland fylkeskommune. Finn kommunen/bydelen der bedrifta di har adresse og trykk på tilhøyrande lenke for å melde deg på del 2.
Du vil då bli sendt vidare til påmeldingssida for rettleiingstenesta di.
Kommune |
Påmeldingslenke |
| Stryn, Stad, Gloppen, Bremanger, Kinn, Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund | Rettleiingstenesta Vestland Nord |
| Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Voss Herad, Vaksdal og Eidfjord | Rettleiingstenesta Indre Vestland |
| Alver, Arna bydel, Austrheim, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger og Åsane bydel | Rettleiingstenesta Bergen Nord |
Tilskudd
Ei lærebedrift som tar inn lærlingar får tilskot etter faste satsar. Fagopplæring Elektro forvaltar tilskotet på vegne av medlemsbedriftene i henhold til godkjende vedtekter.
Regelverk og arbeidsavtale
Lærlingen er arbeidstakar i bedrifta med samme rettigheiter og plikter som andre tilsette.
Det betyr at arbeidsgivaren har styringsrett over lærlingen i tråd med lovverket, tariffavtale, arbeidsavtale og bedrifta sitt arbeidsreglemang.
Det skal teiknast lærekontrakt som lærebedrifta er ansvarleg for, samt ei arbeidsavtale med lærebedrift som definerar arbeidsgivarforhold og personalansvar.
Både arbeidsgivar og lærling har ansvar for at tida i lærebedrifta blir best mogleg.
I tariffavtalane er det fastsett nokre normar for korleis opplæringa i bedriftene skal foregå, og lønnssatsar for lærlingane. Dei fleste bedrifter fylgjer desse, men det kan vere noko skilnad mellom dei ulike bedriftene. Oppdaterte lønnssatsar finn på NHO Elektro sine heimesider.
Opplæring i bedrift skal fylgje Opplæringslova og skje etter bedriftens opplæringsplan, og dei vedtaka som til ei kvar tid blir gitt i henhold til opplæringslova.
Fagopplæring Elektro skal melde lærlingen opp til fagprøva når det er fire måneder igjen av læretida.
Rekruttering
Klikk her for: Plan for rekruttering
For å booke øvingsbrett
Sjå oversikt over ledig tid her: Bookingtider
Send e-post til lisa.mo@ofelsfj.no
Instruks og innhald i eit sett med øvingsbrett
Instruksjon for bedrift øvingsbrett
Forslag til framsyning for elevane: Intro for øvingsbrett USK
Forslag til kopling og oppgåver for kvart øvingsbrett
Læreplanar
Her finn du ein lenke til Utdannings direktoratet si heimeside, lenkja tar deg direkte til søkesida for dei nasjonale læreplanane.
Skriv inn namnet på faget du vil ha tak i og du blir sendt direkte til læreplanen for faget.
Fagprøve
OPPMELDING
Det er vi i Fagopplæring Elektro som står for oppmelding til fagprøva.
Vi melder opp alle lærlingar fire månadar før lærekontrakta går ut.
Vi melder dykk opp til Vestland Fylkeskommune, som må godkjenne prøva. Dette kan ta noko tid.
All teori må vere bestått for at oppmelding skal bli godkjend.
Prøvenemnda tek etterkvart kontakt med lærlingen, og/eller lærebedrifta for å avtale nærare prøve og dato.
NÅR KAN LÆRLINGEN GÅ OPP TIL FAGPRØVA?
Fagprøva skal gjennomførast i løpet av dei siste tre månadane av læretida.
Lærlingen kan finne lærekontrakta si på Vigo.no.
For å få fagbrev må lærlingen ha bestått gjeldande eksamen, bestått fagprøva og gjennomført heile læretida si.
AVVIKLING
Fagprøva skal gjennomførast på prøvestasjon eller i lærebedrifta (eller hos kunde).
Vi har prøvestasjonar for
- Elektrikerfaget
- Automatiseringsfaget
- Telekommunikasjonsfaget
Fylket, VGS, Campus Verftet og Inviro eig prøvestasjonane.
Dei kostar omlag 10.000.- veka å leige.
Prøva består av fire hovud delar:
- Planlegging
- Gjennomføring
- Dokumentasjon
- Eigenvurdering
Lengda på fagprøva varierer for kvart fag, du kan sjå minstekravet i gjeldande læreplan.
Første dagen av prøva kjem to sensorar frå prøvenemnda for å gjennomgå prøva med lærlingen. Planleggingsdel skal normalt leverast inn digitalt i løpet av denne dagen.
Resten av tida jobbar lærlingen sjølvstendig med prøva. Siste dagen kjem sensorane igjen for vurdering, utspørjing og karaktersetjing av fagprøva.
Lærlingen kan få tre karakterar:
- Ikkje bestått
- Bestått
- Bestått mykje godt



